Ord for dagen 26.02.2021 sokneprest Eli Vatn

Takksam! Ei kjensle vi skulle unne oss litt meir?

Utsnitt av altertavla i Rogne kyrkje. Foto Saskia Aleida Van Veen

I Rogne kyrkje, som i Hegge og Volbu er det siste måltidet til Jesus og venen hans skildra. Det er fest, glede, høgtid! Dei har kvarandre og tek ein pust i bakken i eit ellers intenst offentleg liv. I takt med at maten og vinen får gjere sitt senker garden seg, gleda slepp meir og meir fram, fellesskapet vert opnare. Vi veit at tonen skal bli ein annan etter kvart; sorg, sjokk er i kjølvatnet av dette måltidet.

Men lat oss stoppe før det; lat oss kjenne på gleda - om ho ikkje varer evig. Ho kjem gjerne til oss i glimt gleda, så kan ho bli borte att. Slik Magny Karlberg også poengterte då eg spurte henne om glede, men takksemd har vi alltid for handa!

Av og til tenker eg at takksemd i for stor grad har fått ein bismak av at vi er nokon skuldig noko på ein litt negativ måte. Som då mor strengt såg på oss og formante til takksemd. Kan hende vi BURDE vore meir takksame, men eg likar meir å tenke om det som at nokon UNNER oss å vera takksame! Det er slik ei god kjensle og haldning! Som Magny peiker på; ein måte å gripe gleda, forstørre henne, halde på henne. OG ein måte å kjenne at nokon unner oss noko; det er Nokon som bryr seg om oss nok til å gje oss det gode! Lurt å ikkje gå glipp av den dimensjonen ved livet!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"